Sæbø vart krinsmeister i 6. divisjon i fjor og rykka opp til 5. divisjon. Sesongoppkøyringa er godt i gang, og no er det klart at Bjørnar Holen går inn i trenarteamet saman med Marius Riise og hovudtrenar Mats Riise.

– Vi har hatt ein langsiktig tanke dei siste åra, og vi ønsker primært å ha eit lag med spelarar med tilknyting Sæbø. Vi har von om at Bjørnar blir ein del av trenarteamet i mange år framover, seier trenar Riise.

I fjor hadde Sæbø ein stor stall, og det er omtrent same gjengen blir med vidare også i år.

– I år blir det litt fleire kampar og vi ønsker litt fleire på trening enn i fjor. Det kan hende at vi kjem til å sjå oss rundt etter eit par nye spelarar. Vi er ikkje svekka frå fjoråret, og den gruppa med spelarar som trente mest og spelte mest er med vidare.

Sæbø legg opp til fire treningar i veka i sesongoppkøyringa og har planar om å starte med treningskampar i byrjinga av februar.