G16-laget spelar i Toppserien i Region Nord. Førre helg vart det 33-28-siger heime mot Skogn, og denne helga venta det bortekampar mot Steinkjer, Skogn og Heimdal for dei unge Ørsta-spelarane.

Mot Steinkjer i første kamp laurdag leverte Ørsta ein god 1. omgang, og gjekk til pause med 15-10-leiing. Etter kvilen auke forspranget og Ørsta var på meste i leiinga med tolv mål, 29–17. Dermed vart det to poeng og siger i 1. kamp. Ruben Rekkedal Nydahl vart toppskårar med sju mål.

Skogn var den andre motstandaren laurdag. Laga følgde kvarandre tett gjennom dei første 25 minutta og eitt mål skilde dei til pause. På tampen av 2. omgang klarte Skogn å bygge seg opp ei tremålsleiing, og vann til slutt kampen 30-26. Mathias Aam vart toppskårar for Ørsta med seks mål.

I siste kamp mot Heimdal var vertane det beste laget, og vann kampen komfortabelt 33–21.

Til helga tek Ørsta imot Spjelkavik i Ørstahallen.