Kenneth Nydahl, som har trent seniorlaget til Hovdebygda dei siste sesongane, har forlenga avtalen med klubben ut 2018-sesongen. 5. divisjonslaget er kome i gang med sesongoppkøyringa.

– Vi har gode treningsfasilitetar og trenar tre gonger i veka i Mørehallen. Det skal vi gjere fram til påske. Vi har gode forhold og kome greitt i gang. No er det litt sjukdom og influensa i spelartroppen, men det no ut til å byrje å ordne seg, seier Hovdebygda-trenaren.

Hovdebygda leverte ein god vårsesong i 5. divisjon i fjor, men sleit litt meir på hausten. Laget fekk merka at toppskårar Bjørnar Holen melde overgang til Sæbø. Nydahl er glad for at det som ut som dei får med seg Sondre Kårstad Nilsen fram til sommaren. Forsvarsspelaren vart årets spelar i Hovdebygda i fjor. I tillegg kan han avsløre to offensive signeringar.

– Daniel Reza Malakzadeh frå Skarbøvik og Tomislav Novak frå Vartdal har kome på plass. Det vil styrke Hovdebygda framover i bana, og begge spelarane har vist at dei har gode haldningar til trening og oppmøte. Dette er gode signeringar.

Tomislav Novak spelte for Vartdal i fjor, men skal spele for Hovdebygda i år. Her i aksjon mot Hødd 3 på Remen.

– Har de diskutert målsetting for årets sesong?

– Eg likar ikkje å tape fotballkampar og for oss handlar det om vere opp blant dei tre til fire beste laga i divisjonen. Så må sjå kor langt det rekker. Vi skal framleis møte nokre lokale lag i årets 5. divisjon, og det blir fleire vanskelege kampar.

Reza Malakzadehhar fleire sesongar bak seg for Skarbøvik og skåra tolv mål på femten kampar i 4. divisjon i fjor ifølgje fotball.no. Tomislav Novak leverte fleire gode kampar for Vartdal i 6. divisjon i fjor. Ifølgje fotball.no skåra han sju mål på ti kampar for Vartdal.