Handballdamene til Ørsta starta helga med å slå Bergsøy 2 på bortebane laurdag. Søndag gjesta Hødd Ørstahallen. Heimelaget fekk ein god start på kampen og var i føringa 4-1 etter fire minutt. Utover i omgangen auka forspranget for heimelaget gradvis og med ni minutt att av 1. omgang gav Ane Serine Dimmen Ørsta leiinga 13-6. Inn mot pause kom Hødd meir med i kampen, og då laga gjekk til pause hadde leiinga til Ørsta minka til fire mål, 15-11.

Fem minutt ut i 2. omgang var Hødd berre to mål bak Ørsta på stillinga 16-14. Rakel Sofie Bjørdal auka forspranget igjen for heimelaget med to mål og Ørsta festa grepet om kampen att. Monika Brandal Moe leverte ein god 2. omgang for vertane, og Ørsta kunne til slutt juble for 30-23-siger. Brandal Moe og Bjørdal vart toppskårar for Ørsta med sju mål kvar.

Sigeren søndag var Ørsta sin åttande for sesongen. Laget ligg på 2. plass i 4. divisjon avdeling 1 og har like mange poeng som Spjelkavik 2 som ligg øvst på tabellen. Neste motstandar for Ørsta er Isfjorden/Åndalsnes på bortebane 21. januar.