– Dei siste åra har rekrutteringa vore veldig bra. Til trass for lite snø her heime har det vore ei stigande kurve dei siste fem åra, seier leiar Dag Jarle Aa i Hovdebygda IL langrenn.

No er det i overkant av femti aktive medlemmar i Hovdebygda IL langrenn. Dei fleste er i aldersgruppa sju til femten år, i tillegg har klubben to juniorløparar. Hovudtyngda av medlemmar høyrer heime i Ørsta kommune, men langrennsgruppa har og med aktive familiar frå Ulsteinvik og Tjørvåg.

– Mesteparten kjem framleis frå Hovdebygda, men vi er klubben for heile Ørsta når det gjeld barne og ungdomslangrenn.

Aktivitet i langrennsgruppa har vore god og aukande, men for å halde den gode utviklinga er klubben avhengig av gode snøforhold lokalt. Så langt denne sesongen har det allereie blitt mange skitreningar i langrennsløypene på Bondalseidet.

– Vi er avhengig av snø på Bondalseidet over tid. I fjor vart det mykje trening i Hornindal. Vi greidde å halde på dei utøvarane som vi hadde, men det var vanskeleg å få inn så mange nye. Slik langrennssesongen har starta i år er det heilt fantastisk, og det har kome til mange nye skiløparar. Det er ope for alle å bli med. Vi ønsker at skitreningane her skal vere eit tilbod for dei gått på cuprenna til Ørsta trim. Dei som har lyst til å halde fram med ski er velkomne på dei yngste gruppene våre. Der er det lagt opp til leikbasert trening, seier Aa.

I dag er det tre treningsgrupper i klubben. Dei eldste gruppene starta med barmarkstrening i august.

– Etter haustferien kom dei yngste også i gang. Vi brukar å vente til fotballsesongen er over slik at dei skal få lov til å halde på med fleire idrettar. Det viktig for oss at dei får lov til å gjere det så lenge som mogleg.

I helga startar konkurransesesongen med Sparebanken Møre Cup på Bjorli.

– Dette blir det første krinsrennet og vi er ein gjeng på rundt femten som reiser til Bjorli. Etter det går det slag i slag heilt fram til påske.

Første torsdagen etter nyttår startar Hovdebygda IL langrenn med cuprenn på Bondalseidet.

– Det vil bli cirka annakvar veke desse blir arrangert. I tillegg skal vi arrangere eit krinsrenn i starten av mars