Fasiten etter seks serierundar var to poeng for Ørsta-herrane. Sigeren kom heime mot Klæbu 1. oktober, men etter det vart det dårleg med poeng. Midsund slo Ørsta på heimebane i cupen tidlegare i år, og fredag kveld fekk Ørsta sjansen til revansje. Laga følgde kvarandre tett i opninga av kampen, men midtvegs i 1. omgang hadde Midsund ei tremålsleiing. Rett før pause skåra Emil Theodor Bjørdal for heimelaget, og laga gjekk til pause på stillinga 15–14 i favør av gjestene.

Etter kvilen heldt kampbiletet seg, men vertane hadde eit lite overtak. Ronny Pedersen skåra to mål og gav Ørsta 29-25-leiinga ti minutt før full tid. Midsund klarte ikkje å kome med eit motsvar på tampen av kampen, og Bjørdal fastsette sluttresultatet til 33-28-siger for Ørsta.

Anders Vatsaas og Frode Brandal Moe vart toppskårar for Ørsta med sju mål kvar i kampen.

Timålssiger

Laurdag var spelefri for Ørsta, men søndag morgon stod Vikhammer 2 på motsett banehalvdel i Ørstahallen. Gjestene stod med åtte poeng på sine ti første kampar, og Ørsta jakta sin andre siger for helga. Det vart ei målfattig opning på kampen. Bendik Bjerke gav Ørsta leiinga 4–2 då det var spelt ti minutt, men Ørsta klarte ikkje å bygge seg opp ei leiing. I målprotokollen var det lite som skilde laga gjennom den første halvtimen av kampen. Ørsta gjekk til pause med 12-11-leiing.

Tretten minutt ut i 2. omgang gav Simon Sjøkvist og Eivind Dimmen Ørsta ei tomålsleiing, 20–18. Gjestene klarte å halde følgje med Ørsta til det stod att ti minutt av kampen. Bjerke sende Ørsta opp i 26-23-leiing då det var spelt 22 minutt av 2. omgang. Medan heimelaget varta opp med god handball klarte ikkje Vikhammer 2 å få ballen i mål. Sjøkvist, Bjerke, Vatsaas (2) og Brandal Moe (3) noterte seg alle for skåringar, og fastsette sluttresultatet til 33-23-siger for vertane. Vatsaas vart toppskårar i kampen med sju skåringar.

Ørsta klatrar opp til 8.-plass i 3. divisjon avdeling 1 med sigrane i helga. Laurdag er det klart for lokaloppgjer borte mot Langevåg.