Med nærare 270 deltakarar og godt over tusen startar vart den 48. utgåva av Julelauget i Volda ein suksess. Aldri før har det vore så store deltaking i det tradisjonsrike symjestemnet. Dei aller fleste symjarane som var i aksjon laurdag og søndag høyrer til klubbar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men det var også symjarar frå klubbane i og rundt Bergen som hadde teke turen til Søre Sunnmøre i den første desemberhelga.

– I år var det med veldig mange rekruttar, og eg trur ikkje at det har vore med så mange tidlegare, seier stemneansvarleg Anne-Britt Aambø Hallaråker i VTI-symjing.

For arrangørklubben var deltakinga veldig god, og det er stor aktivitet i VTI-symjing.

Frå Bergen til Volda

Det var mange gode prestasjonar under Julelauget i år. I tillegg til at Volda stilte med mange symjarar hadde Ørsta symjeklubb ein delegasjon på tolv symjarar. Dei som hadde reist lengst for å ta del i symjestemnet var Øyane svømmeklubb frå Askøy.

– Eg har opplevd Julelauget sjølv då eg budde her og sumde sjølv, og så øvingsmessig så passar stemnet veldig bra inn årsplanen for våre utøvarar, seier trenar Ronny Roberts frå Ørsta.

Totalt var det sju symjarar frå Øyane SK som var påmeldt stemnet, og fem tok turen og var i aksjon i helga.

– Alle øvingane som vi treng å øve på til Låvemeisterskapen etter nyttår har dei her i Volda. Det bringar tilbake litt minne å vere her på symjestemne igjen, og vi tok turen i fjor også, seier Roberts som fulltidstilsett i klubben.

Usikker framtid

Sjølv om VTI-symjing kan sjå tilbake på årets Julelaug som ein suksess er framtida litt uviss. Symjehallen i Idrettsbygget i Volda består ut 2020. Årsaka til at dagens hall vil bli stengd er at det er for store kostnader knytt til renovering.

– Det vil vere utruleg synd om vi ikkje får på plass ein ny symjehall i Volda når hallen her vert lagt ned. Har vi ikkje ein hall kan vi ikkje gje eit tilbod. Om det tek tid før ein ny hall kjem på plass vil vi måtte starte opp att på nytt, og det er veldig tungt, seier Aambø Hallaråker.

Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda har stilt seg positive til å vere med i eit arbeid for å finne ei anna løysing for ev bygging av ny symjehall, i samarbeid med Volda kommune. Volda symjeklubb er avhengig av det kjem på plass eit nytt basseng på 25 meter som kan nyttast til konkurranse.

– Vi har fått positive signal frå rådmann om at det skal byggjast ein symjehall, men det store spørsmålet er kva slags format det blir og når det eventuelt står ferdig, seier Aambø Hallaråker som understrekar at symjeklubben har von om ein saumlaus overgang mellom det gamle og nye anlegget.

– Kapasiteten er sprengd

I løpet av eit halvår er det fleire hundre born og ungdomar som tek del i kursa og aktivitetane til VTI-symjing, og i tillegg er det over femti aktive medlemmar i klubben.

– Kapasiteten i bassenget er sprengd, og det må ingen tvile på. Om det kjem på plass eit anlegg der det både er opplærings- og konkurransebasseng vil vi kunne ta klubben vidare. Det er vanskeleg å drive utvikling når vi ikkje har fasilitetane.