Handballdamene til Ørsta starta årets sesong strålande med seks strake sigrar. Heime mot Spjelkavik 2 førre helga kom det første tapet for sesongen.

Søndag var det klart for ny kamp, og Træff 2 var motstandar på bortebane. Det vart ein tett og jamne kamp mellom laga som til slutt enda uavgjort 21–21. Monika Brandal Moe vart toppskårar for Ørsta med åtte skåringar.

Ørsta toppar framleis 4. divisjon avdeling 1. Dei er eitt poeng framfor Spjelkavik 2 på tabellen, men har spelt to fleire kampar. Neste kamp for Ørsta er heime i Ørstahallen mot Kristiansund 2 søndag 3. desember.