– Det lokale treningstilbodet har i praksis vore i Skodje, som er den næraste klubben etter at Volda og Ørsta bordtennisklubb vart lagt ned. Her finst spelarar både i Volda og Ørsta som har eit ønske om å halde fram med bordtennissporten, men dei vil ikkje reise så langt som til Skodje, seier Jenni Humberseth som saman med mannen Ronny Humberseth har von om å få i gang eit lokalt bordtennistilbod att.

Vil inn i Ørstahallen

Dei eldste spelarane som var i Volda og Ørsta bordtennisklubb har funne seg nye klubbar på Austlandet, medan det ikkje har eksistert eit tilbod for dei yngre lokale spelarar sidan i sommar. Dottera til Jenni og Ronny, Anastasia (12), har meldt seg inn i Skodje bordtennisklubb, men det blir mykje reising og upraktisk.

– Vi vonar å få tilbake bordtennismiljøet og kanskje gjere det endå større enn kva det var. Bordtennis er ein god sport for barna og ein god aktivitet. No kjem det ein stor fleirbrukshall i Ørsta og det vil kunne gje bordtennismiljøet svært gode treningstilhøve.

Initiativtakarane har vore i kontakt med Ørsta Idrettslag om å kunne organisere seg og verte ein del av idrettslaget.

– Vi har blitt møtt med positivitet, men om Ørsta bordtennisklubb skal opprettast under Ørsta Idrettslag er noko som styret må avgjere.

Planen er å få tilbodet opp å gå før Ørstahallen er ferdigstilt og før Ørsta Idrettslag gjer eit vedtak.

– Det er viktig at vi kjem i gang med gode treningar, og det er mogleg å få det til å fungere som eit treningslag før vi eventuelt vert ein klubb. Vi vonar at dei som er interessert i eit slikt tilbod tek kontakt med oss og viser si interesse. Det er og mogleg at blir oppretta ei veterangruppe, seier initiativtakarane.

Takkar eldsjelene

Humberseth poengterer at det krevst både trening og tilrettelegging i bordtennis som i andre idrettar. Arbeidet som har blitt lagt ned tidlegare får og skryt.

– Vi må takke eldsjelene frå distriktet som har gjort mykje for sporten tidlegare. Dei har bidrege til at det har kome opp gode bordtennisspelarar frå Volda og Ørsta.

I aksjon: Anastasia Humberseth spelar no for Skodje IL, men vonar å kunne representere Ørsta i framtida. Foto: Privat Foto: Privat