Sæbø hadde hårete mål om å vinne alle kampane i 6. divisjon avdeling 2 denne sesongen, skåra over 100 mål, sikre opprykk og ta KM-tittelen. Det første punktet lukkast dei ikkje med, men dei tre andre punkta kunne laget juble for etter sesongslutt.

– Vi klarte det meste som vi sat oss som mål før sesongen, og det er vi veldig godt nøgde med. No blir det spennande å sjå kor stor nivåforskjellen er mellom 5.- og 6. divisjon, og kor godt vi kan gjere det i 5. divisjon, seier trenar Mats Riise.

Sæbø tok i år ti av tolv poeng mot Åmdal og Vartdal. Tjuefem spelarar vart krinsmeister i 6. divisjon. Den yngste krinsmeisteren var 16 år og den eldste 52 år.

– Av dei tjuefem som vart krinsmeister har nitten av spelarane spelt aldersbestemt fotball for Sæbø.

Trenarkabalen for Sæbø er ikkje lagt for komande sesong. Det kan bli litt justeringar i trenarteamet, men truleg vert Riise med vidare. Frå årets sesong er to klare høgdepunkt som sit att.

– Den tiande KM-tittelen til Sæbø med ei ganske fin ramme rundt kampane mot Fjørtoft både heime- og på bortebane. Det er andre høgdepunktet trur eg alle spelarane hugsar godt, nemleg bortekampen på Legene. Ein ting er resultatet (2-1 til Sæbø red. anm), men også ramma rundt kampen som vart skapt av supporterane frå begge lag. Det går nesten ikkje an å spele ein meir morosam kamp i 6. divisjon, seier Riise.

Åmdal på trenarjakt

Det som gjorde 6. divisjonssesongen ekstra spennande i lokalfotballen var opprykkskampen mellom Sæbø og Åmdal. Åmdal var lenge i førarsetet, men til slutt var det berre eitt poeng som skilde laga. For Åmdal sin del vart det femten sigrar, fire uavgjorte kampar og eitt tap i seriespelet. I kvalifiseringa om opprykk mot Guard gjekk det ikkje vegen for Åmdal. Dermed spelar klubben i 6. divisjon neste sesong.

– Sesongen starta dårleg for oss då Vebjørn Steinnes, som var vår beste spelar sesongen før, gjekk til Ørsta. I tillegg gav Svein Erik Grevsnes seg som trenar, og vi hadde ikkje det beste utgangspunktet. Eg hadde ikkje noko erfaring, men tok på meg trenaransvaret. Vi spelte uavgjort mot Hovdebygda, men tapte også 8–0 mot Hareid 2. Rett før sesongen fekk inn ein del nye spelarar og vi kom godt i gang med seriespelet. I løpet av sesongen kom det totalt tjuefire nye spelarar. Tjuetre av dei har vore i aksjon i kamp, seier Andre Dvergsdal som i år har vore spelande trenar.

Åmdal er på trenarjakt då Dvergsdal har valt å gi seg.

– Eg gir meg som trenar. Årsaka er eit sakn etter å spele og tykkjer det er vanskeleg å spele godt samtidig som du er trenar. I utgangspunktet vert eg med vidare som spelar.

Dvergsdal omtalar årets sesong som ein eventyrsesong for Åmdal.

– Alt har klaffa. Vi har vore 16–17 spelarar på trening fast. Det har vore veldig kjekt, det vi held på med har engasjert og det har vore mykje entusiasme. Det er berre opprykket som mangla. Eg tykkjer likevel at det er godt gjort å få inn så mange nye spelarar og få så gode resultat.

Positiv sesong for Vartdal

Vartdal hamna til slutt på ein 6.-plass i avdelinga etter ein god haustsesong.

– Det har eigentleg vore ein positiv sesong. Det har vore fleire folk på trening og fleire som har lyst til å bidra. For oss var det ei klar betring enn det vi viste føregåande sesong. Vi kom litt skeivt ut og vårsesongen gjekk ikkje som planlagt. Vi la litt om på treningsregimet i sommar, i tillegg til nokre andre justeringar, og vi viste nok ein gong at Vartdal er eit haustlag. Etter sesongen har tilbakemeldingane vore positive, og folk vil vere med å bidra og bli stilt krav til på treningane, seier trenar Kristoffer Fiksdal.

Den spelande trenaren tok over trenaransvaret før årets sesong, og har takka ja til halde fram komande sesong.

– Vartdal er klubben i mitt hjarte. Vi er ein fin gjeng som er der, og som vonleg vil halde fram i Vartdal-drakta. I tillegg trur eg at eg kan gjere ein god jobb som trenar.

På spørsmål om høgdepunkt nemner Fiksdal eit med negativt forteikn.

– Eit negativt høgdepunkt var kollapsen mot Åmdal på Legene 15. mai (5-3-tap red. anm.). Det sat i lenge for oss. I motsett ende må kampane mot Gjerdsvika og Hareid 2 nemnast. Då mangla vi mange spelarar og sleit med å stille lag. Dei som var med viste den gamle gode Vartdal-anda og kriga til seg poenga på skikkeleg Vartdal-vis.

Trenarjakt: Andre Dvergsdal gir seg som trenar i Åmdal. Arkivfoto Foto: Joachim Åsebø
Positiv: Kristoffer Fiksdal held fram som Vartdal-trenar, og seier at 2017-sesongen var positiv for Vartdal. Arkivfoto Foto: Joachim Åsebø