– Eg har vore ute med skade i heile år, og hatt motgang på motgang. Så klarer eg å bli klar til finalen og skåre eit viktig mål. I tillegg vart eg kåra til banens beste her. Det er berre heilt usakleg. Det er heilt fantastisk, sa ein tydeleg rørt Roseth til Romsdals Budstikke etter kampen.

Cupfinalen i G19-klassa har vore målet for forsvarsspelaren frå Volda. Førre kamp Roseth fullførte var NM-finalen mot Vålerenga for eitt år sidan. I februar i år måtte 19-åringen operere for «jumpers knee», og nokre månader seinare måtte han legge seg på operasjonsbordet på ny grunna eit arrvev frå første operasjonen. Totalt hadde blitt 75 minutt med fotball for Roseth før finalen laurdag, og det gjorde at finalesigeren smakte endå betre.

– Eg skulle spele éin omgang. Eg føler eg gjorde ein middels førsteomgang, og eg var litt forbanna på meg sjølv eigentleg. Då eg kom inn til pause og fekk spørsmål om korleis det gjekk, svarte eg at det var uaktuelt å bli bytta ut. Eg skulle fullføre og vise at eg kunne betre enn det eg viste før pause. Og det syns eg at eg gjorde i andreomgang.

Rosenborg tok føringa i finalen, og var i leiinga 2–0 før Molde reduserte. Eit kvarter før full tid i Telenor Arena stonga Roseth inn utlikningsmålet som gjorde at kampen enda 2–2. Dermed måtte det straffesparkkonkurranse til. Den såg Roseth frå sidelina, men han var med då han og lagkameratane juble for finalesiger. Allereie onsdag er det ein ny viktig kamp for Molde-juniorane. Då skal laget i aksjon i Youth League mot Zimbru frå Moldova.

– Eg får ta meg nokre rolege dagar, så får vi sjå om eg kan spele der. Det var denne finalen som var det viktigaste for meg no, sa Roseth til Romsdals Budstikke.