Heilt sidan laurdag har det vore veldig fine langrennsløyper for klassisk og skøyting i lysløypa på Bondalseidet og Åmskarløypa.

– Turen til Åmskaret er om lag 10 km tur og retur og også denne løypa har vore av beste kvalitet i mange dagar, seier Guttorm Øye.

Mange i løypene

Mange har nytta høvet til å leite fram langrennsskia og kome seg på tur dei siste dagane. Tysdag kveld var det nærare førti bilar parkert ved Ørsta skisenter, og om lag hundre små og store i langrennsløypene.

– For dei ivrigaste har det no vorte mange dagar på ski. Dette er ikkje rekordtidleg, men oftast har det ikkje vore snø før ut i desember, opplyser Øye.

For langrennsløparane i Hovdebygda IL langrenn har treningane denne veka blitt lagt til Bondalseidet. Barmarkstrening har blitt bytta ut med ski på beina.

– Nemnast bør også Øyvind Bjørdal på trakkemaskinen som er ein framifrå løypekøyrar og at Ørsta skisenter legg til rette med trakkeutstyr og ikkje minst at langrennsgruppene i Hovdebygda IL og Ørsta Il har lagt ned ein stor dugnadsinnsats og mykje pengar i haust med grøfting og legging av rør.