Hødd, Bergsøy 2, Isfjorden og Sykkylven/Stranda hadde alle tapt mot handballdamene frå Ørsta i sesongstarten i 4. divisjon. Laurdag spelte Ørsta sin tredje heimekamp for sesongen då Valder gjesta Ørstahallen. Gjestene stod med ein siger og to tap på sine kampar denne sesongen, og fekk det tøft mot Ørsta. Heimelaget tok kontroll på kampen frå starta av og gjekk til pause med 15-9-leiing. Etter kvilen heldt kampbiletet seg. Då sluttsignalet gjekk hadde ikkje avstanden mellom laga endra seg, og Ørsta kunne juble for 24-18-siger på heimebane. Ingrid Moe Hovden vart toppskårar for Ørsta med sju skåringar i kampen.

Kampfakta

Ørsta – Valder 24–18 (15–9)

Ørsta: Helene K. Fagerhol, Sigrid Romestrand (1), Ane Serine Dimmen (3), Nina Hustad, Thea Martine Rosenberg (1), Monica Blomberg (3), Rakel Sofie Bjørdal (6), Maren Rødvik Pedersen (2), Silje Reiakvam (1) og Ingrid Moe Hovden (7)

Eittmålssiger

Søndag vart det klart for ny kamp for Ørsta, og denne gongen var det på bortebane mot samarbeidslaget Rollon/Aksla i Larsgårdshallen. Heimelaget stod med fire sigrar og eitt tap på sine fem første kampar, og hadde slått Bergsøy 2 21–20 på bortebane laurdag. Det vart ein jamne kamp, men til slutt var det bortelaget som kunne juble for 24-23-siger. Dermed tok Ørsta sin sjette strake siger for sesongen. Laget toppar 4. divisjon avdeling 1. Spjelkavik 2 ligg på 2.-plass. Dei har to kampar mindre spelt enn Ørsta, men har vunne alle sine kampar hittil i sesongen. Spjelkavik 2 er motstandar for Ørsta når dei kjem på besøk i Ørstahallen komande laurdag.

Kampfakta

Rollon/Aksla – Ørsta 23–24

Ørsta: Helene K. Fagerhol, Rakel Sofie Bjørdal (3), Ingrid Moe Hovden (2), Nina Hustad (1), Monika Brandal Moe (5), Silje Anette Nupen Sandnes (4), Maren Rødvik Pedersen, Silje Reiakvam, Sigrid Romestrand (1), Thea Martine Rosenberg, Monica Blomberg (6), Ane Serine Dimmen.