Søndag var både Åmdal og Sæbø i aksjon på heimebane for siste gang denne sesongen. På Legene kom Guard på besøk i første av to kampar i opprykkskvalifiseringa til 5. divisjon. Etter ei jamn opning på kampen tok Guard leiinga etter eit hjørnespark. Gjestene kunne også auka til 2-0 nokre minutt seinare, men så starta Åmdal å skape store sjansar. Guard fekk avklart ballen på streken etter to påfølgjande hjørnespark. Ei klarering frå ein Guard-forsvarar gjekk nesten i eige mål før ei avslutning gjekk i tverrliggjaren på det etterfølgjande hjørnesparket. For heimelaget var det vanskeleg å forstå at dei ikkje lukkast framfor mål før kvilen.

Etter pause fekk Terje Rebbestad den første sjansen for Åmdal, men avslutninga gjekk over. Mathias Vasbotn Remmereit var nestemann på sjanselista, men ei beinparade av Guard-målvakta hindra skåring. Mot spelts gang kom Guard seg gjennom Åmdal-forsvaret ti minutt ut i omgangen og dobla leiinga. Andreas Foldal sette ballen i mål nokre minutt seinare, men skåringa vart avblåst for offside. . Midtvegs i omgangen tok Sigurd Nybø seg tid med ballen i feltet og fekk avslutta. På retur var Foldal på plass og heimelaget lukkast endeleg framfor mål. Høgrebacken til Guard fekk sitt andre gule kort og marsjordne nokre minutt etter skåringa. Åmdal prøvde å halde trykket oppe og ti minutt før slutt fekk heimelaget tildelt straffespark. Kaptein Svein Erik Grevsnes sitt første forsøk vart redda av målvakta, men dommaren meinte at målvakta hadde bevegd seg ut frå streken og at straffa skulle takast på nytt. På andre forsøk banka Grevsnes ballen i mål og laga var like langt. Både Guard og Åmdal var nære skåring på tampen av kampen, men det enda uavgjor 2-2.

Laurdag vert returoppgjeret spelt på Color Line Stadion i Ålesund.

Sæbø-siger

På Sæbø stadion tok heimelaget imot Fjørtoft til første kamp om KM-tittelen i 6. divisjon på Sunnmøre. Heimelaget var dødleg effektive i 1. omgang. Etter tre minutt sende Ronnie Furset Sæbø i føringa. Etter fjorten minutt dobla Bjørnar Holen leiinga. Kaptein Martin Sandbakk ordna 3-0-leiing før Holen var frampå og auka til 4-0. To minutt før pause skåra Holen sitt tredje mål for dagen, og Sæbø gjekk til pause med 5-0-leiing.

Etter kvilen reduserte Fjørtoft før Holen skåra sitt fjerde mål i kampen. Gjestene reduserte ein gang til frå straffemerket, og kampen enda med 6-2-siger til Sæbø.

Komande laurdag vert returoppgjeret spelt.