Før kampen var  premissane klare. Ørsta hadde eitt poeng på Blindheim. For ikkje å vere i tvil, var det beste å vinne kampen for Ørsta. Det gjorde laget til gagns. Mål frå Sverre Sætre Orten (2), Knut Erik Myklebust (2), Olai Vinjevoll, Daniel Aakre og eit sjølvmål gjer at Ørsta er klar for fjerde divisjon.

Det var ingen tvil i kampen: Etter 2-0 til pause, såg Ørsta seg aldri tilbake. Til slutt vart det 7-0.

Og publikum kom. Om lag tre hundre såg Ørsta rykkje opp.Møre-Nytt kjem tilbake med fyldig kampreferat og kommentarar.