Åmdal har levert ein god sesong i 6. divisjon, og hamna poeng bak Sæbø på tabellen. I ein periode onsdag kveld hadde Åmdal også 1.-plassen i divisjonen, men med Sæbø-siger over Hasundgot vart det 2.-plass på Åmdal. Borte mot Hareid 2 gav Olav Magnus Hjelle gjestene leiinga, og Markus Hallaråker la på til 2–0 før pause. Etter kvilen ordna Odd-Arne Brynjulfsen 3-0-leiing. Vertane reduserte før Per Haug fastsette sluttresultatet til 4-1-siger for Åmdal.

– Vi dominerte kampen, brann ein del sjansar og hadde god kontroll defensivt, seier trenar Andre Dvergsdal.

For første gang i Åmdal-historia hadde Svein Erik Grevsnes, som har 420 kampar for klubben, kapteinsbindet.

Søndag spelar Åmdal første kamp heime mot Guard i opprykkskvalifiseringa.

– Det blir spennande. Dei har eit sterkt lag på papiret. Vi må gjere jobben og vi har veldig lyst opp i 5. divisjon.