– Akkurat no så er det så bra som det blir, men eg har ei kjensle av at det ikkje er over og at det er to kampar til som skal spelast. Eg trur ikkje vi klarer å vere heilt nøgde med seriemeisterskapen før sesongen er heilt ferdig, sa Sæbø-trenar Mats Riise rett etter kampen.

Før siste seriekamp var det klart at Sæbø ville sikre opprykket til 5. divisjon med siger over Hasundgot på bortebane. Då kampen kom i gang i flaumlyset på Dimna var det to lag som stod godt til kvarandre. Det vart ikkje skapt dei største sjansane i 1. omgang. Heimelaget hadde den første store sjansen etter 38 minutt, men avslutninga gjekk utanfor. I mellomtida hadde Åmdal teke leiinga borte mot Hareid 2. Berre tre minutt seinare kunne bortelaget juble. Ronnie Furset runda målvakta og sende gjestene i føringa, og Sæbø var igjen i førarsetet i opprykkskampen. Laga gjekk til pause på stillinga 1–0.

Tretti sekund ut i 2. omgang var Terje Haugen Øye først på ein retur og dobla leiinga for Sæbø. Same mann var svært nære sitt andre mål like etterpå, men det tok ikkje lang tid før Bjørnar Holen auka til 3–0 etter flott kombinasjonsspel. Etter 52 minutt reduserte Hasundgot, men berre tre minutt seinare stussa kaptein Martin Sandbakk inn Sæbø sitt fjerde mål i kampen. Etter ei innhaldsrik opning på 2. omgang roa kampen seg. Sæbø hadde sjansar til auka leiinga meir, men det vart ikkje fleire skåringar for bortelaget. På overtid reduserte Hasundgot og fastsette sluttresultatet til 4–2.

– Vi klarer å drepe kampen rett etter pause, og det var herleg.

For Sæbø er det kamp att allereie søndag. Då kjem Fjørtoft på besøk til Sæbø stadion, og første kamp om KM-tittelen går av stabelen. Fjørtoft vann si avdeling med atten sigrar og fire uavgjorte kampar. Dei skåra 67 mål og slapp inn 17 på 22 kampar. Sæbø skåra 103 mål og slapp inn 35 på 20 kampar.

– Eg har ikkje følgt med så mykje på Fjørtoft. Eg har registrert at dei ikkje har tapt ein kamp i år, dei har ein tidlegare eliteseriespelar på midtbana og dei spelar på gras. Dei tre ting punkta får meg til å tru at det kjem til å bli tøft. Det blir spennande å sjå, og det hadde vore veldig kjekt å avslutta sesongen med å ta KM-tittelen.

Returkampen vert spelt laurdag 28. oktober.