Ørsta er svært nær eit opprykk til 4. divisjon. Men laget må mest truleg vinne siste kamp mot Ellingsøy for å greie det..

Mot Herd2 vart det siger 5-0 på Moa, etter mål frå Mats Øvrebotten (3), Knut Erik Myklebust og Olai Vinjevoll.

Samstundes spelte opprykksrival Blindheim heime mot allereiie opprykksklare Valder. Der vart det siger 4-2 til Blindheim etter at Valder leia ved pause, og Blindheim fekk begge dei to siste måla på overtid.

Med sigeren er Ørsta eitt poeng over Blindheim før siste serierunde. Avgjerda fell i siste serierunde.