Av ein tropp på 15 spelarar er 4 frå KFUM-Volda. Ungdomslandslaget er for spelarar fødde i 2001 og seinare. Laget er samla til treningssamling denne veka, og reiser vidare til Ikast i Danmark for Nord-Europeisk turnering på laurdag. Turneringa i Danmark varer ei heil veke. Før avreise til Danmark vert troppen redusert frå 15 til 12 spelarar, men KFUM-Volda har stor tru på at alle voldingane blir med i den endelege troppen.

KFUM-Volda har i mange år satsa godt på aldersbestemt volleyball, og lag og spelarar frå Volda har hevda seg sterkt på nasjonalt nivå. At volleyballforbundet no tek ut heile fire voldingar på ungdomslandslaget, viser at KFUM-Volda er av dei fremste volleyballklubbane når det gjeld aldersbestemte lag.

Dei fire spelarane er Andreas Grønnevik Flåskjer (16) som er tatt ut som kantspelar, Sturla Nedrelid Heggen (16) som libero, Asbjørn Bae (16) som oppleggar/diagonal og Fredrik Hessegjerde (16) som midtspelar. Andreas Grønnevik Flåskjer har denne hausten tatt til på Topp Volley Norge, som er vidaregåande skule på Sand i Rogaland med nasjonal linje for toppvolleyball. Dei tre andre spelarane går på vidaregåande i Volda og Ørsta og speler og trenar med KFUM-Volda. På juniorlandslaga som er for dei litt eldre, er Volda representert på laga for både jenter og gutar. Dei skal på samling og turnering seinare i haust.

Erlend Bae

KFUM-Volda