Åmdal vann 3-2 mot Bergsøy2 på Legene onsdag kveld. Sigeren medfører at laget framleis kjempar saman med Sæbø om direkte opprykk til femte divisjon. Åmdal ligg no eitt poeng bak Sæbø.

I siste serierunde spelar Åmdal mot Hareid2, medan Sæbø spelar mot Hasundgot.

Bergsøy2 tok leiinga både 1-0 og 2-1, men Åmdal kvitterte begge gongene. Åmdal var overlegne i banespelet, men sleit med å omsetje sjansane i mål.

Det såg ut til å gå mot ein uavgjort, men på overtid lukkast Åmdal i endeleg å få utteljing.