Med ei snø ned i fjella, regn i lufta og ei våt og tung grasbane låg ikkje alt til rette for finfotball på Remen laurdag ettermiddag. Vartdal tok imot Sæbø, og heimelaget hadde von om å sette ein stoppar for si jakt på 1. plass i avdelinga og spel om KM-tittelen. Det vart slått mykje langt frå begge lag gjennom kampen, men det var gjestene som lukkast best framfor mål gjennom 90 minutt. Då kampen var åtte minutt gammal hamna ballen i beina på Terje Haugen Øye etter eit hjørnespark, og spissen sette enkelt inn 1-0 for Sæbø. Arthur Vartdal Midtgaard hadde Vartdal sitt første skikkelege forsøk på mål då det var spelt eit kvarter, men skotet gjekk over. To minutt seinare trudde Haugen Øye at han hadde dobla leiinga, men dommaren annulerte målet for offside. Det var Sæbø-jubel igjen nokre minutt seinare. På ein dødball fekk Martin Sandbakk heada inn 2-0. Etter 29 minutt var Fredrik Roth svært nære skåring for Vartdal, men Sæbø fekk klarert før ballen trilla over mållina. Håvard Overå Sætre hadde eit brukbart langskot etter 39 minutt, men det vart ikkje fleire skåringar i 1. omgang.

Etter kvilen var Vartdal som hadde ballen mest, og klarte å legge litt trykk på gjestene. Bortelaget forsvarte seg godt, og Vartdal sleit med å kome til dei store sjansane. Nokre halvsjansar vart det, men målvakt Thomas Christiansen Hansen vart ikkje sett på dei store prøvene. Midtvegs i omgangen slo Marius Riise eit frispark frå midtbana. Ballen gjekk gjennom feltet, og trilla over streken. 3-0 til Sæbø. Fem minutt før full tid var Haugen Øye svært nære ved å skåre det fjerde målet i kampen, men ballen trilla ikkje over streken. Same mann fekk sjansen då det var spelt 90 minutt, og fastsette sluttresultatet til 4-0-siger for Sæbø.

- Kynisk og enkel fotball

Sæbø-trenar Mats Riise var godt nøgd med sigeren.

- Vi skulle unngå situasjonar der vi kunne gjere feil bakover på bana, i tillegg til å spele kynisk og enkel fotball på ei litt glatt bana. Det fungerte bra. Vi veit at vi er gode på dødballar og situasjonar i feltet. Då handla det om å få ballen inn og boksen og skape farlege situasjonar. Vartdal har ballen meir enn oss, men det er vanskeleg å spele skikkeleg fotball på ei grasbana i oktober i regnvêr.

Les også: Ny Åmdal-siger

For Sæbø står det att ein kamp denne sesongen. Vinn dei bortekampen mot Hasundgot vinn dei avdelinga i 6. divisjon og skal spele om KM-tittelen. Åmdal slo Moltustranda 7-3 laurdag. Difor er situasjonen mellom laga uendra. Sæbø har ein kamp meir spelt enn Åmdal og ligg fire poeng framfor den lokal rivalen på tabellen.

- Er betre enn oss på dødballar

Det var ein skuffa Vartdal-gjeng som gjekk av bana med 4-0-tap i siste heimekamp for sesongen.

- Sæbø er bra på dødballar, og dei tre første måla kjem på den måten. Vi spela, men det blir dessverre ikkje så mykje av det. Vi kjem oss fram til siste tredjedel, får brukt Kenneth Holsæker bra, får brukt kantane, men så dør det litt vekk. Vi prøvar og gjer ein bra kamp, men på dødballane vart vi rett og slett for lette.

Vartdal avsluttar sesongen med bortekamp mot Tjørvåg, og er innstilt på å avslutte sesongen på ein god måte.