Åmdal og Sæbø har heile sesongen kniva om 1. plassen i 6. divisjon avdeling 2. Laurdag tok Åmdal turen til Moltustranda til bortekamp mot eit av botnlaga i divisjonen. Chris Patrick Aspås Kristiansen gav Åmdal leiinga tidleg i 1. omgang. Heimelaget utlikna åtte minutt før pause, men Kristiansen ordna raskt Åmdal-leiinga igjen. Johan Liseth Pedersen var og trygg frå straffemerket like etterpå, og dermed gjekk Åmdal til pause med 3-1-leiing.

Fire minutt ut i 2. omgang skåra Kristiansen sitt tredje mål for dagen. Andreas Foldal ordna 5-1-leiinga då det var spelt 52 minutt. Moltustranda reduserte frå streffemerket før Mathias Vasbotn Remmereit auka leiinga for Åmdal frå det andre straffemerket. Same mann ordna 7-2-leiing før Tarald Nilsen Laugsand fastsette sluttresultatet til 7-3 med sitt tredje mål i kampen.

Les også: Sæbø sigra i lokaloppgjeret mot Vartdal

Åmdal ligg på 2. plass fire poeng bak Sæbø, men med ein kamp mindre spelt. Onsdag er Bergsøy 2 gjestar på Legene i årets siste heimekamp for Åmdal.