Volda sine handballdamer tok torsdag imot Bergsøy til lokaloppgjer i 2. divisjon. I Voldahallen vart det tidleg klart at det er nivåforskjell mellom dei to laga på Søre Sunnmøre. Seks minutt i kampen stod gjestene framleis utan skåring medan Volda hadde noterte fire mål i målprotokollen. Midtvegs i omgangen var leiinga 9-3, og Volda gjekk til pause med 17-8-leiing.

Etter kvilen heldt avstanden seg mellom laga, men på tampen av kampen rykka heimelaget litt ifrå att og vann til slutt 30–18. Thea Imani Sturludottir vart toppskårar i kampen med åtte skåringar. Eit skår i gleda var at Karoline Dyrhol Slenes måtte ut med skade. Dette var Volda sin femte strake siger i årets 2. divisjon, og laget toppar divisjonen framfor Aker 2 og Utleira. Neste kamp for Volda er heime mot Nordstrand 22. oktober.