Lokaloppgjeret mellom Åmdal og Sæbø onsdag vil truleg ha mykje å seie for kven som vinn 6. divisjon avdeling 2 og rykker direkte opp frå av divisjonen. Før kampen toppar Sæbø tabellen eitt poeng føre Åmdal, men Sæbø har ein kamp meir spelt.

– Denne kampen har vi gledd oss til lenge, og det er ein kamp som kan bikke begge vegar. Samtidig ser eg på Sæbø som favorittar, men vi skal gjere vårt beste, seier Åmdal-trenar Andre Dvergsdal.

Favorittstempelet som Åmdal sende til Sæbø vert sendt rett tilbake.

– Det er kjekt at det er jamt i toppen, og ekstra kjekt at både vi og Åmdal er involvert. Eg tippar at lokaloppgjeret vert ein tett og tøff kamp. Mykje kan bli avgjort i denne kampen, men det er også mange tøffe kampar att av sesongen. Eg trur vi må vinne resten av kampane for å ta førsteplassen. I tillegg følgjer Bergsøy 2 like bak oss, seier Sæbø-trenar Mats Riise som meiner at Åmdal er favorittane før kampen.

– Eg har registrert at Åmdal har signert fem nye spelarar. Då kan vi kalle dei eit kjøpelag og dei er storfavorittar.

Etter lokaloppgjeret onsdag skal Sæbø møte Åheim/Stadt, Vartdal og Hasundgot. Alle kampane er på bortebane.

For Åmdal sin del ventar Tjørvåg, Moltustranda og Hareid 2 på bortebane. I siste heimekampen er Bergsøy 2 motstandar.