Dei beste 16-årslaga på gutesida i Region Nord (Midt-Noreg) er samla i Toppserie 16. I år har Ørsta handball med eit lovande lag som dei har god tru på.

– Det er ein motivert gjeng som har lyst til å prestere og bli betre. Akkurat no er dei eit par nummer for små til å hamle opp med dei beste, men vi har god tru på at dei vil halde fram med å ta store steg i tida framover, seier Emil Theodor Bjørdal som saman med Anders Vatsaas har trenaransvaret for G16-laget.

I Toppserien møter Ørsta dei beste 16-årslaga frå Møre og Romsdal og Trøndelag. Så langt denne sesongen har laget spelt fire kampar. Den første sigeren kom på bortebane mot Spjelkavik laurdag. Der fekk Ørsta også testa seg mot Sverresborg. Trondheimslaget er blant dei beste i landet på dette årstrinnet, og det enda med braktap for Ørsta.

–Tre av laga i Toppserien er i noregstoppen, men vi fått ein siger mot Spjelkavik.

Volda handball og Ørsta handball har ein avtale der Volda tek hand om jentespelarane og Ørsta gutespelarane på 16-årsnivået. Det felles målet er å halde fram med den gode utviklinga.

– Vi har ikkje ei resultatmålsetting. Målet er å bli eit stadig betre lag gjennom sesongen, og vi har allereie teke store steg i løpet av dei halvåret vi har hatt saman. Dette er ein gjeng vi har lyst til å halde på i Ørsta handball lengst mogleg.

Bjørdal og Vatsaas var sjølv ein del av den førre gode generasjonen med handspelarar som kom opp i Ørsta.

– Det har vore ei lita pause no, men vi har von om å få opp fleire som etter kvart vil spele for herrelaget.

G16-spelarane får i dag tilbod om å trene saman med Ørsta sitt herrelag. Ørsta spelar til dagleg i 3. divisjon, og får ein smakebit på kva som ventar dei.

– G16-spelarane har tilbod om fem treningar i veka, og det er aldri manko på spelarar på treningane.

30. september møter Ørsta både Ranheim og Langevåg i Ørstahallen.

– Langevåg er eit lag som vi skal vere på høgde med, medan Ranheim er heilt i noregstoppen. Vi vonar at det vert mykje publikum og godt trykk i Ørstahallen spesielt under kampen mot Langevåg, seier Bjørdal.

Skåring: Ruben Rekkedal Nydahl teiknar seg på skåringslista. Foto: Ørsta IL Foto: Ørsta IL