Sæbø og Åmdal kjempar om direkte opprykk og spel om KM-tittelen i 6. divisjon avdeling 2. I førre serierunde vart det eit overraskande bortetap mot Gjerdsvika for Sæbø. Onsdag kveld tok dei imot Hødd 3 på Sæbø stadion. Etter tolv minutt vart det jubel blant heimepublikummet då Terje Haugen Øye sende Sæbø i føringa. Seksten minutt seinare dobla Bjørnar Holen leiinga, men gjestene reduserte før laga gjekk til pause.

Etter kvilen tok det ti minutt før laga var like langt. To minutt etter utlikningsmålet fekk vertane straffespark, og Haugen Øye var sikker frå straffemerket. Etter 65 minutt sette Holen inn Sæbø sitt fjerde mål i kampen. Tolv minutt før full tid raga kaptein Martin Sandbakk høgast på eit hjørnespark og heada inn 5-2-målet. Då det vart spelt 83 minutt fastsette Holen sluttresultatet til 6-2-siger for Sæbø.

Dermed toppar Sæbø 6. divisjon avdeling 2 før lokaloppgjeret mot Åmdal på Legene komande onsdag. Sæbø har ein kamp meir spelt enn Åmdal. Åmdal har spelefri denne veka, medan Vartdal tek imot Hasundgot heime på Remen laurdag.