Sidan hausten 2015 har KFUM Volda reist med aldersbestemte lag til Gdansk i Polen, og vitja klubben Lotos Trefl Gdańsk. Dette er ein klubb som er kjent sitt gode ungdomsprogram i tillegg til å ha eit herrelag i den polske eliteserien.

– Vi kan ikkje få fullrost klubben og våre polske trenarkollegaer nok når det gjeld tilrettelegging av samlingane våre i Gdansk. I den samanheng vil KFUM Volda rette ein stor takk til klubben Lotos Trefl Gdansk og spesielt trenarane Adam Miotk, Edward Pawlun, heiter det frå KFUM Volda.

No er det klart at den polske klubben vil vitje Volda med ei stor junior-/rekruttropp frå onsdag til søndag denne veka. I samband med besøket legg KFUM Volda opp til volleyballhelg med både trenarseminar og vennskapskampar mot dei beste eliteklubbane i Norge. TIF Viking frå Bergen, Førde Volleyballklubb med Sverre Grønnevik Flåskjer frå Volda, og studentlaget NTNUI frå Trondheim med Sigurd Festøy frå Volda legg alle turen til Volda til helga for å ta del i Sparebank 1 Internasjonal Elitehelg.

– Vi vonar at alle volleyballinteresserte vil møte opp i Voldahallen i helga.