Volda vann på bortebane

Tomålssiger mot Selbu.

Marte Nornes skåra sju mål for Volda mot Selbu laurdag.  Foto: Ove Krumsvik

Sport

Førre helg starta Volda sine handballdamer sesongen i 2. divisjon med å slå Utleira 26-21 heime i Voldahallen. Denne helga er Volda i Trondheim, og laurdag var Selbu motstandar på bortebane.

Laga følgde kvarandre det første kvarteret av kampen, men så tok Volda kontroll. Frå 9-7-leiing midtvegs i omgangen gjekk gjestene til pause med 16-11-leiing. Etter kvilen starta Volda best, og på det meste var dei i føringa 19-11. Vertane kjempa seg inn att i kampen og var berre eitt mål bak, 20-21, då det var spelt 14 minutt av 2. omgang. Volda klarte å halde seg i leiinga ut kampen.

Thea Imani Sturludottir skåra dei to siste måla for Volda i 28-26-sigeren. Sturludottir vart toppskårar for Volda med ni skåringar.

Søndag er Utleira motstandar for Volda.