4,2 kilometer frå kaikanten ved Urke kaihus til toppen av Saksa er det som ventar deltakarane i Urke Challenge. Saksa Turstiforeining står bak arrangementet som både vil ha tur- og konkurranseklasser.

– Løpet er 4,2 km langt med start på Urke kaihus kl. 1100 og målgang oppunder toppen av Saksa, dette er eit område med magisk utsikt over dei flotte fjella, tindane og fjordane. Løpet blir i råsa som vart forbetra i 2015 av sherpaer frå Nepal, seier Egil Åmbakk som er primus motor for løpet.

Det vert sett opp transport frå Leknes på ferjeavgangane som går kl. 08.45 og kl. 10.30. Grendahuset er ope slik at deltakarane skal få skifte og dusje.

– Det vert også mogeleg å overnatte på grendahuset for dei som vil ha med seg kveldsarrangementet, ta då med sovepose og liggeunderlag. Ved Urke Kaihus vil Maria Holand Tøsse underhalde frå kl. 20.00 og det blir fri inngang.

Både Turstiforeininga og Åmbakk har von om mange vil legge turen til Urke laurdag og det vil bli godt vêr.

– Hurtigruta vert liggande på Urke denne dagen så det vert mykje folk i bygda. Neste år har vi planar om å utvide løpet til også å omfatte ein slags triatlon der vi har tenkt kombinasjonen sykkel, padling og motbakkeløp, seier Åmbakk.

For dei som ikkje let seg freiste av å springe er turklassa eit godt alternativ, her kan ein gå turen gjerne med fleire familiemedlemmar, turklassen for også tildelt startnummer ved registrering.

– Medalje til alle deltakarane er sjølvsagt. Det er og fine trekkepremiar blant alle deltakande og flotte premiar til dei 3 fyrste i kvar klasse. Saksa Turstiforeining vonar også at mange tek turen på kaihuset på kvelden, her er det ope for alle også dei som ikkje har vore deltakarar på løpet. Kort sagt alle er velkomne til Urke.