I førre veke skifta Ingolstadt trenar og Ørjan Håskjold Nyland var igjen å finne i startoppstillinga til den tyske klubben. No er det morkabygdingen det skal satsast på.

– Beskjeden spelargruppa fekk var at det kom eit målvaktsbytte. Så lenge det er Stefan Leitl som er trenar så er det meg det blir satsa på. No er berre å gripe sjansen med begge hendene, seier Håskjold Nyland.

26-åringen frå Mork er inne i sin tredje sesong i tysk fotball. I fjor enda sesongen med benkesliting og nedrykk frå Bundesligaen med Ingolstadt. Danske Martin Hansen var førstevalet i klubben, og det har han og vore i dei tre første seriekampane i 2. Bundesliga. Under trenar Maik Walpurgis fekk Håskjold Nyland sjansen i cupkampen mot 1860 München, og det enda med 2-1-siger. Etter 4-2-tapet mot Jahn Regensburg på heimebane fekk Walpurgis sparken, og han er blitt erstatta av tidlegare kaptein Stefen Leitl på mellombels basis. Håskjold Nyland har trua på at Leitl vil bli ei permanent løysing.

– Viss resultata held seg oppe vil dei nok behalde han i klubben, og eg trur han passar godt inn.

Førre fredag var Håskjold Nyland igjen å finne i startoppstillinga til Ingolstadt då dei spelte borte mot Greuther Fürth. Det enda med årets første siger for Ingolstadt i 2. Bundesliga, og Håskjold Nyland heldt nullen i 1-0-sigeren.

– Eg veit no at eg har bra tillit med trenaren, og vi har god forståing for kvarandre. Han likar det eg står for. Vi fekk ein god start mot Greuther Fürth, og vi skal halde fram og byggje vidare på det.

Morkabygdingen legg ikkje skjul på at han har hatt motgang og det har vore vanskelege tider i Ingolstadt.

– Fram til no har eg lagt ned mykje bra arbeid på trening, men ikkje fått utbytte for det. Det har vore veldig frustrerande. No ser det endeleg ut til å losne og då må eg berre gripe sjansen så godt som eg kan.

– Har vore vanskeleg

Sjølv om det ikkje har vore full klaff på fotballbana har både Håskjold Nyland og familien funne seg til rette i Tyskland.

– Det har vore vanskeleg tider med fotballen. Det har berre vore speletida som har mangla. Heile tida har både eg og familien hatt det bra her. Vi har skaffa oss eit nettverk og funne oss til rette. Viss speletida hadde vore meir hyppig hadde alt vore bra, men no ser det ut til at det kan skje.

Det har versert rykte om overgangar for 26-åringen, og å skifte beite har blitt vurdert.

– Marknaden vert sondert heile tida, men no ser det ut til å ordne seg for min del. Eg treng ikkje å stresse med det, men eg har halde moglegheitene opne. Eg har lyst til å spele i utlandet. Det er betre å bli nummer ein her enn ein annan stad. Det tek berre litt tid å kome til målet.

Mangelen på speletid gjorde at Håskjold Nyland ikkje var å finne blant målvaktene då landslagstrenar Lars Lagerbäck offentleggjorde troppen til VM-kvalifiseringskampane mot Aserbajdsjan og Tyskland.

– Beskjeden vi har fått på landslaget er at speletid er viktig for å bli teken ut. Eg har spelt mange treningskampar i sesongoppkøyringa, men eg hadde berre spelt ein obligatorisk kamp før landslagstroppen vart teken ut. Difor var eg ikkje med. Hadde eg spelt alle seriekampane hadde eg nok vore med i troppen. Det viktigaste for meg å få ordne situasjonen i klubblaget, og det er no på rett veg. Viss eg har gode kampar og prestere godt over tid får eg sjansen på landslaget på ny. Det som skjer på klubblaget er kvardagen og jobben min, og det er det eg prioriterer.

Ny konkurrent

Etter intervjuet med Håskjold Nyland sende Ingolstadt målvaktskollega Hansen på lån til Heerenveen ut 2017. Før overgangsvindauget stengde henta klubben austerriske Marco Knaller frå divisjonskollegaen SV Sandhausen.