Det er kamp om plassane når Ørsta IL Friidrett inviterer til friidrettsskule siste veka i sommarferien.

For femte år på rad vart skulen fullteikna, og 64 unge håpefulle i alderen 6 til 12 år er i aksjon på Ørsta stadion, under kyndig leiing frå gode hjelparar blant dei eldre medlemene i friidretten.

Her får dei prøve alt frå spydkasting og høgdehopp til lengde og hekkeløp - sistnemnde er visstnok ekstra populært etter at ein viss kar frå Ulsteinvik, Karsten Warholm, sprinta inn til gull på 400 meter hekk under VM i London førre veke.

Om alle deltakarane held lovnadene sine, kan også Ørsta og Volda vente seg opptil fleire verdsmeistrar om 10-15 år.

Det er berre å glede seg.