Ørsta-jentene kniva om å bli best under den spennande baneskytinga. Det var snakk om marginar ettersom det til slutt var eitt fattig poeng som skilte to blad Lystad som begge skaut seg til finalen.

Torill hadde 242 poeng og Anita følgde poenget bak. Dermed var begge i posisjon til å kjempe om medaljekravet i finalen. Medaljen heng høgt og tilfell berre ein liten del av deltakarane.

Ingen kan få medaljen meir enn ein gong. Dei som har motteke den flotte utmerkinga og klarer medaljekravet på nytt får ei stjerne. Lystad-søstrene som så langt har til gode å skyte på det gjeve Prinsesse-laget var ikkje langt unna denne gongen. Det trass i at det var vanskelegare enn nokon gang å komme med på prinsesselaget. Nivået på kvinnesida har aldri vore så høgt.

Fornøgd med prestasjonen

– Eg er godt fornøgd med prestasjonen ettersom eg skyt opp mot det eg er god for. Det er ganske bra at eg klarer det i Landsskyttarstemnet ettersom det er betydeleg vanskelegare å få tatt ut potensialet her enn i mindre stemne. Det handlar om at dei aller fleste har lyst til å gjere det bra i sesongens viktigaste stemne og kanskje føler litt forventningspress i forhold til akkurat det.

– Kva for poengsummar har du lege på i banestevnene tidlegare i år, Anita?

– Eg har som sagt et snitt på 241–242. Det varierer frå stemna kor mykje eg får anvist. Men eg har vore ganske stabil dette året. Eg har også hatt 243 og 244 på enkeltstemne. Det er kjekkare å halde på når du får utteljing for den treningsinnsatsen som du legger ned, sa Anita til Møre-Nytt.

Vanskelege forhold

Ho var lite fornøgd med prestasjonen på feltskytingen som vart avvikla under vanskelege forhold. Det var skikkeleg vestlandsvêr og det var få som takkelet de lumske vindforholda. Den skytande leiaren i Hovdebygda skyttarlag ville ikkje bruke det som unnskyldning for at det gjekk dårlegare enn det brukar å gjere. Men det var nok helt sikkert ei medverkande årsak til at ho presterte langt under pari. Det var derfor ei revansjelysten Lystad som kom på banen.