Det er stor aktivitet i Volda Golfklubb. Kvar onsdag går mellom anna «SkOlsen tour» av stabelen.

– Annankvar onsdag spelar ein lag og singel. Ei kjekk turneringsform for å bli kjend med korleis ting fungerer, seier Jan Erik Myklebust, leiar i Volda Golfklubb. Han fortel at utover hausten blir det arrangert ulike turneringar i helgane, og då ofte med tilreisande frå andre klubbar til stades. I tillegg til turneringar, er det eigne juniortreningar, dametreningar, «golf-for-alle-dagen» på tysdagar og kvar torsdag møtast ei gruppe pensjonistar for eit slag golf.

– Vi har lagt opp eit tilbod for alle. Og alle skal føle seg hjarteleg velkomne til oss, påpeikar Myklebust.

Turnering i Sverige

Sjølv er han nyleg komen heim frå ei golfturnering i Sverige. 2. til 6. juli vart Femdagarsgolfen i Sverige arrangert for 22. år på rad. Dette er ei stor turnering, som samlar 750 deltakarar frå heile Norden. Volda GK var representert i parklassa med Mai-Britt Overå og Jan Erik Myklebust. Det vart spelt 4 innleiande rundar, og dei 50 beste i kvar klasse fekk spele finale på Karlstad Golfbane. Innleiingsrundane blei spelt på Hammarø Golfbane.

– Dette var ei kjempeflott skogsbane, der Mai-Britt slo nærast holet av alle, og vann seg premie delt ut på banketten, seier Myklebust. Turen gjekk vidare til Sunne Golfbane, Kils Golfbane og til slutt Arvika, der Jan Erik kom nærast holet – og dermed også premie på banketten. Det var dessutan første gong eit par vann nærast holet konkurransen i Femdagarsgolfen si historie.

Etter Arvika var det klart at Overå/Myklebust spelte seg fram til finale, og dermed fekk spele på Karlstad torsdagen. Finalen gjekk over 27 hol, og i strålande solskin.

– Golf er gjerne som ein opp- og nedoverbakke, men i godt selskap, og med perfekte baner, er det ei oppleving å berre delta i denne turneringa. Aldersgruppa er frå 20 til 85 år. Med andre ord eit stort spekter, og med ulike målsettingar, seier Jan Erik Myklebust. Han fortel at når ein er ute og spelar slike turneringar, er det alltid kjekt å sjå alle smilande personar både før, under og etter runden.

– Golf er for alle, og det er verkeleg ei slik turnering eit bevis på. Når det gjeld plasseringa i finalen for oss, så betyr ikkje det så mykje. Vi hadde det innmari kjekt, ei oppleving vi unner fleire å ta del i, påpeikar dei.

Sterk vekst

Volda Golfklubb er i sterk vekst. Veldig mange har dei siste to åra funne vegen til Vassbotnen i Volda, der Volda GK har ein av distriktet si flottaste baner. 25 personar har til no i år gått vegen til golfkurset, og mange har allereie no meldt seg på kurset som tek til 21. august.

Treningsområdet til Volda GK er open for alle som ønskjer å prøve golf. Her står det folk tidleg som seint, og for dei som ikkje har eigne golfkøller – så låner klubben ut dette til dei som vil prøve. Eit veldig populært tiltak som veldig mange nyttar seg av. Fleire og fleire par og familiar har dei siste åra starta med golf, noko som gjer at ein får meir tid til kvarandre i ein elles stressande kvardag. Forholda på Volda golfbane er supre. Alltid ope, og med bord og stolar på klubbhuset som ein kan nytte om ein vel ei pause i spelet.

Skrive av Magne J. Krumsvik, Volda golfklubb

Femdagarsgolfen: I byrjinga av juli vart Femdagarsgolfen arrangert i Sverige med deltakarar frå Volda golfklubb. Foto: Privat