Det seier styreleiar Tjalve Sørheim i Volda og Ørsta bordtennisklubb. Styret gjorde søndag i ekstraordinært årsmøte vedtak om oppløysing av klubben. I protokollen er det opplyst av klubben i praksis er insolvent og at gjentekne avtalar med tidlegare leiar Tor Hallaråker, skriftleg og munnleg, om betaling av gjelda er brotne. Volda og Ørsta bordtennisklubb hadde rundt 250.000 kroner i gjeld.

Tok tak i november i fjor

Møre-Nytt får opplyst at Møre og Romsdal Idrettskrets initierte eit ekstraordinært årsmøte i bordtennisklubben i november i fjor. Årsaka var manglande innrapportering av rekneskap og manglande årsmøte i klubben.

– I prinsippet var klubben styrt av Hallaråker aleine og det vart aldri heldt styremøte. Det var valt eit nytt styre med fem personar, inkludert meg som leiar, som skulle prøve å rydde opp utan at vi hadde personleg ansvar. Vi har hatt mange møter med kreditorar, sponsorar og tidlegare leiar. Mange har vore villige til å slette gjeld, men ikkje alle. Vi har funne nye sponsorar, men vi har ikkje kunne signere avtaler då vi ikkje var trygge på om pengane gjekk til idrett eller å betale ned gammal gjeld. Det har vore mange avtalar som tidlegare leiar har brote og det har vore ei manglande evne til å rydde opp. Stoda i klubben no var at vi var insolvent og ikkje i stand til betene gjelda, seier Sørheim.

Administrasjonsleiar Geir H. Moholt i Møre og Romsdal Idrettskrets stadfestar at dei initierte ekstraordinært årsmøte i fjor for bordtennisklubben.

– Vi har hatt dialog med klubben på fleire nivå, og vi kalte inn til ekstraordinært årsmøte for å valt eit nytt styre. Vi anbefalte å gjere dette grunna uroa som var i klubben slik at medlemmane fekk kome til orde og seie om dei tillit eller ikkje til det sittande styret.

– Er det vanleg at Idrettskretsen tek slike initiativ?

– Vi er relativt ofte inne i slike episodar. Ei av kontrolloppgåvene som vi har er å sjekke at idrettslaga har eit lovleg valt styre og at det fungerer. Rundt femti klubbar kvart år vert undersøkt av oss, seier Moholt.

Volda og Ørsta bordtennisklubb har samla mange NM-medaljar og fått fram fleire lokale spelarar som hevdar seg i noregstoppen.

– Det er veldig trist det som no skjer. Dei sportslege resultata har utvilsamt vore veldig gode. Vi har mange ungdomar som har brukt betydeleg med tid på sporten.

Vil truleg starte opp treningsgruppe lokalt

Både Sigurd Tjalveson Sørheim og Sunniva Sjøholt flyttar til Oslo og byrjar på NTG til hausten, og melder overgang til klubbane B72 og Fornebu.

– Dei yngre og lokale spelarane vil truleg melde seg inn i andre klubbar. Vi vurderer å starte opp ei treningsgruppe lokalt i Volda og Ørsta, men klubben er historie. Det vi har vore gjennom har ikkje vore kjekt for nokon, også dei sosiale relasjonane vert skadelidande i slike prosessar. Vi har lagt ned enormt mykje arbeid for å løyse utfordringane og å få klubben til å virke, men det har ikkje vore mogleg, seier Sørheim.

Rundt femten til tjue spelarar var aktive i Volda og Ørsta bordtennisklubb no, og klubben var i gang med eit generasjonsskifte.

– Vi hadde gammal gjeld på rundt 250.000 kroner som stod att. Det er ikkje ein enormt stor sum, men all gjeld skal betenast. Det er ikkje berre å gå ut på sponsormarknaden og få store beløp, og det er mange forhold som spelar inn. Nokre spelarar har flytta til Volda for å spele bordtennis og gå på Høgskulen i Volda, men av naturlege grunna er også desse ferdige.

Møre-Nytt har vore i kontakt med tidlegare leiar Tor Hallaråker som har ingen kommentar til saka.

Tjalve Sørheim, styreleiar i Volda og Ørsta bordtennisklubb.