Ørsta IL fotball har tradisjon for å arrangere fotballskule i første veka av skuleferien. Totalt er det 130 deltakarar i sving frå måndag til fredag denne veka på Ørsta stadion.

– Vi er nøgde med alle som har meldt seg på, men vi skulle gjerne sett at det var endå fleire. Vi har kapasitet til å ta imot fleire, og ynskjer å vere så mange som mogleg. Likevel er talet på påmelde cirka det same i fjor, seier Frode Følsvik som er leiar for fotballfritidsordninga og som har ansvaret for fotballskulen.

I år er det spelarar frå damelaget til Ørsta og juniorspelarar i klubben som er instruktørar under Tine fotballskule. Naturleg nok får fotballen hovudfokus gjennom veka, men instruktørane står fritt til å variere aktivitetane sjølve.

– Det blir gjort gjennom til dømes ulike leikar, og det er viktig med litt variasjon.

Fotballskulen er open både for gutar og jenter i alderen seks til og med tolv år. I år er det merkbart mindre jenter som tek del, og det ynskjer Følsvik å gjere noko med til neste år.

– Det er altfor få jenter som er med i år. Vi har nok ikkje vore flinke nok i marknadsføringa. Frå ti år og oppover er det dessverre berre to jenter som er med. Vi må lære av dette, og kommunisere betre ut til våre eigne lag til neste fotballskule. Det kan og vere ein ide å køyre eit eige opplegg for jentene til neste år.

To av dei som spelar mykje fotball til vanleg og som kosa seg under fotballskulen var Rune Heinesen Vaage og Marius Olsvik.

– Instruktørane er kjekke med oss, og det beste med fotballskulen er å spele fotball.

Eit høgdepunkt, og eit fast innslag dei siste åra, er eit eige konkurranseopplegg. Dette vart gjennomført onsdag med straffekonkurranse, triksekonkurranse og kåring av beste heiarop. Fredag vert fotballskulen avslutta med instruktørkamp, og ei avsluttande turnering for alle deltakarane. I tillegg til aktivitet legg Ørsta IL fotball vekt på Fair Play under fotballskulen.

– Vi ynskjer ei bevisstgjering rundt Fair Play, og det viktig at vi er med på å skape gode haldningar, seier Følsvik.

Gjennom fotballskulen har det m.a. blitt brukt Fair Play-kort. Instruktørane har lest opp påstandar som deltakarane har gitt raudt kort om dei ikkje stemmer med Fair Play-prinsippa.