– Eg prøver å prestere så bra som mogleg og gjere mitt beste. Tempoet og nivået er veldig hløgt, og trenarane stiller høge krav til kvar spelar, seier Ose i ei pressemelding.

Talentleiren i Stavanger er for dei mest talentfulle jentespelarane mellom 14 og 16 år i Noreg.

Landslagsspelar og meisterliga-vinnar Ada Hegerberg gav spelarane tett oppfølging under talentsamlinga.

– Norsk fotball treng å utvikle eit endå betre offensivt spel, og det er noko av det jentene lærer mykje om på Landslagsskolen og på Statoils talentleir. Eg er veldig imponert over nivået som Tora og resten av talenta har vist dei siste dagane, og ønskjer dei lykke til vidare med utviklinga, seier Hegerberg.

På leiren deltok over 80 spelarar frå både J15-landslaget og eit skyggelandslag med spelarar som er vurdert hakket under landslagsnivå. I tillegg er det teke ut to troppar med spelarar som er 14 år gamle.

– Uttaket er basert på ferdigheiter, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar, heiter det i pressemeldinga.

Åtte frå Møre og Romsdal

Desse åtte deltok frå Møre og Romsdal: Tora Ose (Ørsta IL), Benedicte Lund Berge (Blindheim IL), Carmen Dønheim Hoseth (SK Herd), Solveig Engås (SK Herd), Kristine Gulbrandseb (Skodje IL), Ida Hasselgård (Molde FK), Sara Kanutte Fornes (Gossen IL) og June Grønseth (Bud IL).

– Vi i fotballforbundet jobbar mykje med å betre kvaliteten på det offensive spelet på siste tredjedel av bana, og difor handlar mykje av treninga på denne leiren nettopp om angrepsspelet, seier Håkon Grøttland, som er fagansvarleg for Landslagsskolen.

Har gått gradene

Ada og Andrine Hegerberg har sjølve gått gradene innanfor landslagsmodellen til NFF, og har til saman 198 kampar for aldersbestemte landslag og A-landslaget.

– For å bli god må du har ein sterk indre glød, og ei vilje til å trene mykje over lengre tid. Det å få lov til å vere med på Landslagsskolen og ein leir som denne er veldig motiverande, og kan få unge spelarar til å yte endå litt meir, seier Hegerberg-systrene.