Ørsta Rundbane: Ørsta sykkelklubb har valt å flytte Hovderittet til Bondalseidet, og sykkelrittet får namnet Ørsta Rundbane. Illustrasjon: Ørsta Sykkelklubb
(Foto: Arild)

Ørsta Rundbane: Ørsta sykkelklubb har valt å flytte Hovderittet til Bondalseidet, og sykkelrittet får namnet Ørsta Rundbane. Illustrasjon: Ørsta Sykkelklubb Foto: Arild

Hovderittet vert Ørsta Rundbane

Søndag 2. juli vil Ørsta Sykkelklubb arrangere Ørsta Rundbane på Bondalseidet.

– Dette vert eit resultat av at vi har valt å flytte Hovderittet frå Hovdebygda til Bondalseidet.

Etter erfaringane med Hovderittet, så har vi funne det formålstenleg å flytte arrangementet dit, seier rittleiar Kjetil A. Myklebust.

Ørsta Rundbane vil verte arrangert i tilknyting til langrennsløypene og skitrekka. Dermed vil fasilitetane i start- og målområdet vere noko betre enn under Hovderittet. Ein komité på 9 medlemar har dei siste månadane jobba på spreng for å klare å realisere ei slik omstilling. Med god hjelp av lokal entreprenør og maskinutleigarar har vi utbetra eit par viktige og kritiske punkt i løypa.

Løypa er på ca. 3,8km og vil gå over fleire rundar alt etter klasser. Start, passering og mål vert rett utanfor varmestova som mellom anna vil ha open kafé.

– Det vil også verte svært interessant for publikum å fylgje med løparane når dei syklar innom nokre sløyfer opp i skitrekka og slost om sigeren inn mot mål.

Ungdomscupen

Ungdomscupen som er ein kretscup i Møre Og Romsdal for aldersgruppe 11–16 år, er i år sponsa av Sparebanken Møre og sykkelbutikken Reser i Molde. Utanom dei eldste i U-cupen, skal dei sykle ei noko kortare og lettare løype på ca. 2,1km. Også her fleire rundar alt etter klasser.

– Vi håpar at mange tek turen til Bondalseidet denne dagen, også for å sjå på dei som syklar. Publikum får sjå ryttarane fleire gongar sidan dei skal sykle fleire rundar. Så her kan det verte mykje action. Her kjem syklistar frå heile fylket, og det hadde vore veldig kjekt om fleire lokale ungdommar blir med, seier Myklebust.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.