– Eg har skote bra denne sesongen, men eg manglar to-tre poeng for å hevde meg heilt i landstoppen. Og eg må jobbe med psyken, fortel den dyktige 31-åringen.

Over alt der Anita deltek på skyttarstemne hamnar ho i toppen. I år har ho vorte både samlagsmeister i miniatyr og landskringsmeister i feltskyting. Ho er i god skyttarform, men har ting ho må trene meir på.

– Eg har trena godt i vinter og har hatt ein god sesong både på miniatyr og utandørs. Feltskytinga har også gått veldig bra. Men eg må jobbe meir med psyken. Eg har vel det ein kan kalle prestasjonsangst fordi eg vil så mykje når eg skyt. Dette går ut over det tekniske, forklarar Anita.

Til topps

Ho skaut seg heilt til topps under Sollidalsstemnet i helga der kring 95 skyttarar, også frå Romsdal og Nordfjord, var påmelde. Hovdebygda og Ørsta skyttarlag står saman om stemnet som vart halde fredag og pinseaftan på Vartdal og i Sollidalen.

Nokre skaut på 100-meters hald, medan andre har skivene 200 meter unna, alt etter kva klasse dei stilte i.

No Bur Anita Lystad seg på nok eit landsskyttarstemne saman med familien, denne gongen i Førde frå 27. juli til 3. august. Anita har mål om å nå finalen. Ho har vore i finalen i dette storstemnet, to gonger i felt og tre gonger i baneskyting.

– Det er alltid kjekt å vere med på landsskyttarstemnet. Denne gongen har vi også med oss fleire som skal delta for første gong, fortel Anita.

Landsskyttarstemnet er Noregs største skytearrangement og eit av landets største idrettsarrangement. Det vert halde kvart år som eit ope noregsmeisterskap innan øvingane arrangert av Det frivillige Skyttarvesen.

Skyttarane skyt både felt og baneskyting med rifle. Menn og kvinner i alle alderssteg deltek på stemnet. Den beste skyttaren i klasse 3–5 på bane vert skyttarkonge/skyttardronning.

Landsskyttarstemnet er i år eit samarbeid mellom dei lokale skyttarlaga og DFS, Det frivillige Skyttarvesen, HV11, Det norske forsvar, Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.