Det var knytt spenning til om Åmdal ville ta sin sjuande strake siger i 6. divisjon avdeling 2 eller om Sæbø ville påføre Åmdal sesongens første tap då laga møttest på Sæbø onsdag kveld. Det vart ein jamnspelt 1. omgang mellom laga. Den første sjansen kom ette 11 minutt då Mikkel Riise avslutta i tverrliggjaren for heimelaget. Sju minutt seinare fekk Marius Riise vende opp på 20 meter, og avslutninga langs bakken gjekk i stolpen. Åmdal-målvakt Torbjørn Sande fekk ein fot på returen før Ronnie Furset og avklart situasjonen. Etter 27 minutt slo Terje Rebbestad eit innlegg frå venstre. I feltet heada Andreas Foldal ned til Mathias Vasbotn Remmereit som sende ballen i mål og gjestene i føringa. To minutt seinare fekk Furset pannebrasken på eit Sæbø-frispark, og laga var like langt. Etter 31 minutt leverte Sæbø eit flott angrep, og Terje Haugen Øye var svært nær å sende heimelaget i føringa. Fem minutt seinare avslutta Furset i stolpen etter eit hjørnespark. To minutt før pause hamna ballen i nærleiken av Marius Riise som banka til på heil volley frå 20 meter. Ballen flaug i mål bak Sande, og heimelaget leia kampen 2-1. Andre Dvergsdal fekk ein stor sjanse på overtid for Åmdal, men heimelaget fekk avklart. Dermed gjekk Sæbø til pause i føringa.

Berre tre minutt ut i 2. omgang var det gjestene sin tur til å avslutte på vakkert vis. Odd Arne Brynjulfsen avanserte frå sin venstrebackposisjon, og sende eit langskot frå 20 meter rett i mål. Laga var igjen like langt. Dei neste 20 minutta av kampen var sjansefattige. Begge lag sleit med å kome til dei store sjansane. Etter 25 minutt fekk Øyvind Bjørkedal ein stor sjanse for Åmdal, men avslutninga gjekk like utanfor. Eitt minutt seinare sende Vasbotn Remmereit ballen i tverrliggjaren. Då det var spelt 33 minutt sende Sande avgarde eit langt utspel. Sæbø-forsvaret feilvurderte utspelet, og Rebbestad var spelt gjennom. Den rutinerte vingen tok med seg ballen og sende Åmdal i føringa. Gjestene kontrollerte kampen etter skåringa, og det var ikkje før i sluttminutta at Sæbø klarte å legge press på gjestene. Eitt minutt på overtid hamna ballen i beina på storskårar Haugen Øye på fem meter, og spissen skåra Sæbø sitt tredje mål for kvelden. Det vart ikkje fleire skåringar i kampen, og dermed vart det eitt poeng på begge lag.

Bortepoeng for Vartdal

Vartdal var og i aksjon onsdag kveld borte mot Hasundgot. Gjestene tok leiinga i kampen etter 22 minutt ved Fredrik Roth og var i føringa til pause. Hasundgot utlikna like etter pause før Steffen Roth gav Vartdal leiinga etter 71 minutt. Åtte minutt seinare var laga igjen like langt, og kampen enda uavgjort 2-2.