– Eg har hatt eit lærerrikt år i Storhamar og eg fekk meirsmak etter siste halvdel av sesongen, seier Egset til Storhamar si heimeside.

Etter å ha fullført sesongen i 1. divisjon med Volda vart det klart at Egset ville bli å sjå i eltiserien og Storhamar-drakta før årets sesong. Bakspelaren skreiv under ei eittårskontrakt med Hamar-klubben, og uttalte før sesongen at det ville ta litt tid å tilpasse seg. Etter kvart har det blitt meir speletid på 25-åringen som held på å fullføre lærarutdanninga.

– Eg trivst veldig godt i gruppa og får sjansen til å utvikle meg i eit godt treningsmiljø. Eg gler meg til sesongen som kjem. Det blir utfordrande og spennande. Vi ønsker å ta nokre steg vidare frå førre sesong.

Dermed blir to lokale spelarar i eliteserien i handball også komande sesong. Tidlegare i vår vart det klart at Malene Aambakk har skrive under ny toårskontrakt med Storhamar. Klubben har og forsterka stallen til neste sesong med Heidi Løke, Anne Kjersti Suvdal og Alma Hasanic Grizovic.