Gjennom mange år har det blitt arrangert Statoil talentleir for unge lovande fotballspelarar, men i år vert det arrangert ein eigen leir for jenter. Totalt 42 spelarar er tekne ut til talentleiren for jenter født i 2003, og Tora Ose frå Ørsta IL fotball er blant dei som reiser til Stavanger frå 21. til og med 25. juni. Fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland, har gratulert alle spelarane med uttaket.

– Nettopp du er teken ut til samlinga fordi du sjåast som eit av Noregs største talent i Noregs største idrett. Du kan vere stolt av deg sjølv, og vere stolt av klubben din. For målet er at du skal få motivasjon og rettleiing som du kan ta med deg tilbake til kvardagen. Fordi det er kvardagen og det arbeidet som vert gjort i klubb som tel mest, seier Grøttland.

I tillegg til to 14-årstroppar, der Ose er i troppen født i første halvår, møtest J15-landslaget og eit skuggelandslag til J15-landslaget på talentleiren i Stavanger.