Ørsta stod med sju strake sigrar før heimemøtet med Stranda torsdag kveld. Gjestene hadde teke sju poeng på dei seks første kampane, og Ørsta var store favorittar. Heimelaget starta kampen best og hadde det spelemessige overtaket. Ørsta klarte ikkje å omgjere overtaket til sjansar, men Tony Ristesund kom til ei god avslutning etter 13 minutt. Fire minutt seinare sende Jan Marius Brekke ballen i tverrliggjaren og over. Eitt minutt seinare smelte Stranda-spelar Michal Bernàt til frå rundt 40 meter på halv volley etter eit balltap, og draumetreffet duppa ned bak Martin Liaskar i Ørsta-målet. Åtte minutt seinare kontra Stranda og etter godt spel vart leiinga dobla. Då det var spelt ein halvtime sende Daniel Aakre ballen i stolpen for Ørsta, men heimelaget lukkast ikkje framfor mål. I staden gav personleg feil gjestene sjansen på ny då det var spelt 34 minutt, og Stranda var i leiinga 3-0. Bortelaget kunne også auka til 4-0 før pause, men Liaskar fekk slått ballen til hjørnespark.

I 2. omgang var det gjestene som fekk den første sjansen rett er avspark. Ørsta sin første sjanse i omgangen kom etter tre minutt, men ingen av hiemelaget sine spelarar klarte å få ballen i mål etter litt rot i Stranda-feltet. Etter 60 minutt av Aakre godt, men Stranda-målvakta hadde ein god kamp i mål. Mats Øvrebotten var nær redusering to minutt seinare, men igjen var Radovan Dvorsky på plass. Personlege feil gjorde at Stranda kom på gjennombrot etter 21 minutt, og skåra sitt fjerde mål i kampen. Med eit kvarter att av kampen slo Brekke inn frå høgre og Øvrebotten stanga inn reduseringa for Ørsta. Det vart ikkje fleire mål i kampen som enda med 4-1-siger til Stranda. Det var ingen god kamp av Ørsta som må opp fleire hakk for å kome tilbake på vinnarsporet i neste kamp.

Hovdebygda tok torsdag turen til Giske. Ifølgje rapportane byrja heimelaget kampen bra. Hovdebygda-spelar Byfaith Benit Nkubito fekk raud kort før vertane tok føringa i kampen. Etter 62 minutt fekk Hovdebygda straffespark som Bjørnar Holen sette i mål. Same mann sende eit hjørnespark rett i mål og gav gjestene leiinga før Robert Roseth fastsette sluttresultatet til 3-1-siger for Hovdebygda. Hovdebygda klatra opp på 2. plass, og ligg fem poeng bak Ørsta.