– Vi har vore opp i tre generasjonar der både born, foreldre og besteforeldre tek del, og Follestaddalen rundt skal vere eit lågterskeltilbod, seier Leif Petter Øyehaug i Follestaddalen IL.

Søndag var det over sytti deltakarar som tok del i det tradisjonsrike arrangementet. Etter at det låg nede nokre år tok Arve Haugland og andre tak for nokre år sidan og fekk Follestaddalen rundt i gang att. Ifølgje arrangøren er Follestaddalen rundt no kome for å bli, og søndag mosjonerte folk i alle aldrar til fots, bak barnevogner, på sykkel og på rulleski. Målet med arrangementet er at folk skal kome seg opp og ut for å mosjonere. Blant dei som konkurrerte var dei yngste først i aksjon. Det var ingenting å seie på verken innsats eller tempo i barneløpet, og dei tjueto deltakarane suste gjennom løypa. Alle som deltok i barneløpet fekk premie då dei kom i mål.

Mange av dei som tek del i Follestaddalen rundt har lokal tilhøyrsle, medan andre reiser langt for å ta del og måle krefter mot andre. I konkurranseklassa var det totalt tretten deltakarar som la ut på den 10,4 kilometer lange løypa rundt Follestaddalen. I herreklassa tok Filmon Legese tidleg teten, og heldt bra fart gjennom heile løpet. Løyperekorden i Follestaddalen rundt er det Joachim Tranvåg og Knut som har på tida 34.09. Den tida vart ikkje slått søndag, men Legese kom i mål på 38.52 På plassane bak følgde Martin Hauge-Nilsen og Dan Børge Saure. I kvinneklassa var Eline Fannemel raskast med Gro Langstøyl Ulstein på 2.-plass.

Follestaddalen rundt har valt å ikkje premiere deltakarane i konkurranseklassa, men i staden er trekning av premiar for alle registrerte deltakarar. Dermed har alle som tek del i arrangementet like stor sjanse til å reise heim att med ein premie i bagasjen.

– Vi har fått mange gåver frå næringslivet, og vi er heldige at dei stiller opp. I tillegg har vi flotte vaksne damer som stiller opp og steiker sveler og sel mat. Dei som bur i Follestaddalen har stilt opp og laga kaker sjølv om 17. mai berre var for nokre dagar sidan. Vi rettar ein takk til alle som har bidrege, seier Øyehaug.