- Det vart ein spennande kamp. Vi starta bra i 1. omgang, men fekk ikkje det utløysande målet, og Volda pressa godt, seier Solskjær til Møre-Nytt etter kampen.

Første omgang enda 0-0 på Volda stadion, og vertane i 4. divisjon let ikkje gjestene frå eliteserien sleppe unna med ein lett kamp. Volda pressa, og hadde fleire sjansar mot mål, sjølv om Molde hadde det største trykket mot slutten av omgangen.

Publikum stilte også opp for heimelaget, og på tribunene sat der 2.176 personar og heia, fleirtalet var sjølvsagt grønkledde.

I 2. omgang kom måla.

- Eg hadde ein prat med spelarane mine i pausen, og det såg ut til at dei høyrde på meg, seier Solskjær, og viser til at det berre tok knappe minuttet av 2. omgang før Molde fekk sitt første mål ved Erling Braut Håland.

Mål nummer to til Molde kom etter straffespark etter 52 minutt, ved Ottar Magnus Karlsson.

- Og dermed var det lett å tru at kampen var over, men Volda imponerte meg. Dei er ein imponerande gjeng. Dei gav ikkje opp sjølv om dei låg under med to mål, seier Solskjær, som måtte sjå at Volda henta inn forspranget til Molde.

- Vi skulle hatt ein straffe, men i staden for at det då kunne ha vorte 3-0, fekk Volda ballen med seg og det vart 2-1.

Fredrik Malme Kvalsnes reduserte etter 58 minutt, før Mathias Dalberg utlikna etter 66 minutt, og det stod 2-2 på Volda stadion.

Ole Gunnar Solskjær kunne ikkje trekke pusten att før i det 83. minuttet då Sander Svendsen skåra for Molde, berre nokre minutt etter at han vart bytta inn.

Dermed vart det 2-3 på Volda stadion.

- Det er slik cup-kampar skal vere! Og eg er svært nøgd med at vi kom vidare etter god motstand, seier ein bild Solskjær, som også tok seg tid til å helse på og gi autografar til unge fans som hadde møtt opp på kamp.