Søndag kveld tok Storhamar turen til Drammen for å spele den andre kvartfinalen i sluttspelet for kvinner i handball. På heimebane vart det tomålssiger, 28-26, for Storhamar onsdag i førre veke, og gjestene måtte unngå å tape med to eller fleire mål for å sikre avansement til semifinalen. I løpet av dei første fem minutta viste Malene Aambakk seg fram med to skåringar, og ho gav Storhamar ei 4-0-leiing. Storhamar fekk ein pangstart på kampen, og heldt Glassverket på avstand gjennom heile 1. omgang. Til pause var bortelaget i føringa 14-8. Kampbiletet frå 1. omgang vedvarte også i 2. omgang. Storhamar var i leiinga med åtte mål, 20-12, midtvegs i 2. omgang og sigeren var ikkje truga. Hilde Egset var og i aksjon for gjestene, og Aambakk vart toppskårar i kampen med åtte mål på ti skotforsøk. Storhamar vann kampen 27-18, og er klar for semifinale. Ein nedtur for Storhamar var at kaptein Kamilla Sundmoen måtte ut med skade.

Vipers Kristiansand vert motstandar for Storhamar i semfinalen. I den andre semifinalen møtest Larvik og Byåsen. Den første semifinalen vert spelt 30. april, og returoppgjeret har kampdato 3. mai.