Torsdag vart 1. runde i NM G19 Telenor Cup offentleggjort av fotballforbundet. Ørsta, som gjorde det godt i 1. divisjon i fjor, var med i trekninga, og har fått bortekamp mot Molde i 1. runde. Av dei andre laga frå Møre og Romsdal skal AaFK i aksjon mot Bergsøy, Rollon møter Kristiansund og Hødd møter Herd. Kampane skal spelast søndag 7. mai, men dei kan spelast tidlegare om klubbane vert samde om det.

Ørsta er i gang med sesongen i 1. divisjon, og møter Hødd heime komande tysdag.