– Både januar, februar og mars har vore gode i oppkøyringa. Mot slutten av mars og i starten av april vart det litt mykje sjukdom, og ein folk var vekke på ferie. Derfor har det ikkje vore ein heilt ideell inngang mot seriestarten, seier Nydahl.

Hovdebygda har i treningskampane målt krefter og prøvd seg mot lokale lag i same divisjon og 6. divisjon. I tillegg har dei vore i aksjon mot Volda.

– Resultatmessig har det vore opp og ned, men prestasjonsmessig har ein del av kampane gitt gode svar. Samtidig ser eg at vi er litt for ustabile. På vårt dårlegaste er vi ikkje gode i det heile, men når vi er på trur eg at vi skal vere klare til å kjempe mot alle i divisjonen. Vi må få dei dårlege periodane til kortare og at det blir færre av dei.

Det er ikkje store forandringar i spelartroppen frå laget som sikra seg KM-tittelen til det laget som skal kjempe i årets 5. divisjon. Terje Skrede og Jon Anders Dyrkorn har trappa ned, medan det har kom på plass fleire nye ansikt.

– Jonas Sira er kanskje det hurtigaste spelaren i divisjonen. Benit Nkubito frå Oslo har enormt mykje fotball i seg, og vi må få han opp og i fotballform. Hallvard Aarset er ein Terje Skrede-type. Det blir artig å sjå korleis vi skal få dei nye inn i vår type fotball, og vi skal i alle fall ikkje vere noko dårlegare enn i fjor, seier Nydahl.

Hovdebygda har ikkje sett seg noko spesifikk resultatmål for 2017-sesongen.

– Vi skal ta ein diskusjon på dette før seriestart, men i utgangspunktet bør vi ligge på øvre halvdel av tabellen. Så får vi sjå kva det blir til slutt.

Med divisjonsomlegginga er 5. divisjon i år betydeleg sterkare enn i fjor.

– I år blir det færre av dei enkle kampane, og eg trur ikkje det blir nokon enkle kampar i 5. divisjon denne sesongen. Det er den store forskjellen på årets 5. divisjon samanlikna med fjorårets. Dei dårlegaste laga frå i fjor har rykka ned til 6. divisjon og det har kome ned ein del sterke lag frå 4. divisjon. I år har vi ikkje råd til dårlege periodar, seier Nydahl.

Hovdebygda startar årets sesong med bortekamp mot Herd 2 20. april.