– Treningsmessig har sesongoppkøyringa vore veldig bra. Vi har køyrt 3–4 økter i veka og oppmøtet har vore bra i størstedelen av oppkøyringsperioden. Vi har hatt relativt få skader, sett vekk frå nokre langtidsskadar. Eg føler at spelargruppa har kome langt på veg, seier Bjørgum.

I påska var a-laget til Ørsta på treningsleir i Spania og gjort dei siste førebuingane før sesongstart.

– I tillegg er det viktig å byggje lag, den sosiale biten og ha det kjekt i lag.

Ørsta har leverte gode treningskampar mot både Eid og Tornado Måløy i oppkøyringa.

– Eg legg ikkje så mykje vekt på treningskampane. Det blir mykje bytter og rotering, og alle spelarane får sjansen til å vise seg fram. Vi vart rundspelt mot Volda og hadde ein dårleg 2. omgang mot Hovdebygda, elles har vi prestert ganske bra.

20. april er det seriestart i 5. divisjon, og Ørsta startar sesongen med heimekamp mot Åram/VanKam. Det er ikkje store endringar i spelartroppen frå sesongen i fjor, og Ørsta stiller med ei sterk spelartropp.

– Tommy Synnes og Vidar Liaskar har gitt seg sidan sesongen i fjor. Sjur Haug vert oppteken i Bergen gjennom vårsesongen, men han er vonleg tilbake til hausten. Emil Bjørdal har vore bortreist dei siste månadane, men kjem tilbake midt i vårsesongen. Elles har vi fått inn Vebjørn Furnes frå Skavøypoll og Vebjørn Steinnes frå Åmdal. Det og opp fleire unggutar som vi tilfører oss mykje og som har teke mange steg, seier Bjørgum.

Daniel Aakre var ute store delar av fjorårssesongen for Ørsta, og var eit sakn.

– Daniel spelar no med ein lyskeskade. Skaden blir ikkje verre eller betre av spelinga, og vonleg held han heile sesongen for oss. Det er ei enorm forsterkning.

Bjørgum er klar på at målet er at opphaldet i 5. divisjon skal bli så kort som mogleg.

– Opprykk er målet og vi går for det. Ørsta har eit ungt lag, og vonleg vil vi klare å halde nivået på prestasjonane i 90 minutt. Med mange unge spelarar vil det alltid variere litt i prestasjonane, og vi har von om å ta nye steg i år. Greier vi å prestere over 90 minutt så vert vi gode i år.

– Korleis vurderer du nivået på årets 5. divisjon?

– Eg trur det er den sterkaste 5. divisjon på Søre Sunnmøre nokosinne. Eg trur det blir mange gode kampar. Det er mange unge lag i divisjonen, og det er ein god utviklingsarena for dei yngste spelarane. Eg reknar Valder som den største motstandaren vår i år.