Rennet har status som Norgesmeisterskap, og hadde i år med ca. 130 deltakarar.

Arve stiller i klasse I (51-55 år), der det var med ca. 20 deltakarar.

Arve og den andre ørstingen som var med, Terje Sunde (Klasse J 56–60 år), var også med på NM i fjor (Myrkdalen, Voss), der dei kom på premieplass (Arve i Storslalom, og Terje i Super-G, i tillegg til Storslalom). Så lista var lagt, og målet i år var premieplass, og kanskje endåtil ein pallplass.

Mykje trening

Treningsgrunnlaget har vore bra for Arve i vinter, og også Terje har fått trena svært mykje Storslalom og Slalom. Dei har fått trena litt på Bondalseidet og i Hornindal, i tillegg til på Strandafjellet, der Terje har trent mykje. Ifylgje han sjølv, så har han ikkje trent så mykje Storslalom sidan han var ung.

Arve hadde svært god køyring i alle tre greinene, og han er svært godt nøgd med eigen innsats. Terje kom på ein 7. plass i Super-G etter eit lite uhell, i tillegg til at han køyrde ut både i Storslalom og Slalom. Ut ifrå det gode treningsgrunnlaget, og at NM nesten var på heimebane, var han ikkje heilt nøgd med det. Men det er små marginar i alpint.

Sosialt

Men det viktigaste er at ein kan halde seg i form, pluss det sosiale, og at ein treff att gamle alpinistar frå heile landet.

Planane for neste års NM, som skal vere på Trysil, byrjar allereie å ta form.

Arrangementet på Stranda var svært godt gjennomført, og arrangøren; Stranda IL, fekk mykje skryt frå dei tilreisande utøvarane. Løypene var svært gode, og heldt godt, sjølv om dei ikkje fekk nytte den planlagde traseen. Vêrgudane var ikkje heilt på lag, men under Super-G på fredagen var det flotte forhold, og Stranda Skisenter fekk verkeleg vise seg fram. Premieutdelinga etterpå utanfor Paviljongen på Roalden, med bunadskledde jenter og utsikt til fjella og Storfjorden slo verkeleg godt an. Stranda forsynte seg elles grovt av medaljane, der gamle storheiter som Andreas Dimmen, Eli Hårdnes og Bjarne Solbakken herja.

alpint: Inge Liavaag, Ålesund Skiklubb (t.v.) og Terje Sunde under synfaringa før Super G. Foto: privat