Sparebank 1-cupen har vore samansett av fristil-renn, sprintrenn og til slutt eit hinderløp og stafett på barmark. Sjølv om vinteren har vore snøfattig så har treningane gått etter planen. For å få dette til har langrennsgruppa vore kreativ og nytta seg av barmark, langrennsløypa i Hornindal, langrennsløypa på Ullsheim og sjølvsagt Bondalseidet når det har vore mogeleg.

Men talet på skirenn lokalt har vorte litt redusert. Siste «rennet» vart difor omgjort til eit hinderløp på barmark. Det var krevjande med innlagt mange hinder, trekking av kort og terningkast som førte til strafferundar for den uheldige og springe vidare for den heldige. Løpet vart ei skikkeleg kondisjonsøkt og innsatsen i løypa var imponerande. Det var ganske tydeleg at forma var god etter ein lang skisesong.

No er skisesongen over og premieutdeling for Sparebank 1-cupen vert laurdag 22. april.

Ref.Guttorm ØyeHovdebygda IL langrenn